HULDRESPØT

Huldrehuva og huldregensaren er eit design fra limedesign.no, i samarbeid med Kveikja i Årdal. Dette produktet er inspirert av segnet om Huldreduken i Ve.
Der heiter det at ein dag då gardsfolket i Ve kom att frå kyrkja, var det full fest på garden. Bordet i storstova var dekt til fest, for huldrefolket feira bryllyp. Bonden jaga følgjet på dør, men duken vart liggjande att etter dei.
Huldreduken, som seiast å vera over 600 år gamal, er fire meter lang og gjort i lin med broderi i blått – huldra sin farge. Mønsteret på huldrehuva er inspirert av broderiet på huldreduken
Dette klenodiet av eit husflidsarbeid er eitt av særs få broderi som er bevart frå middelalderen.